onsdag 27. juni 2012

De gale har det godt!


Litt moro må en vel kunne ha det? Her er postkassestativet mitt nydekorert!
Elsk eller hat?

tirsdag 5. juni 2012

Strikk på Runde!

Helga 28-30 september skal det være strikketreff på Runde.
Programmet ble lagt ut i dag, og dette ser kjekt ut!

 
Kva seier du til eit strikketreff midt i Vaffelhjarte? Tv-serien «vaffelhjarte» vart spelt inn på fugle-øya Runde på Sunnmøre. Der er mange mulegheiter for eit fantastisk strikketreff. Du kan besøke Runde miljøsenter, sjå på rundeskattane, få høyre spennande lokalhistorie. Vi har mulegheita til å ta turen opp på fjellet og sjå fuglefjellet frå lufta, eller eventuelt gå ned til Runde fyr. Vi kan ta båt rundt øya og sjå fuglefjellet frå sjøen og gå inn i grotta om været er bra. Øya har mykje å by på, og uavhengig av vær og sesong er det like magisk å vere der. På eit strikketreff som dette vert det sjølvsagt mykje tid til strikking og sosialt. Kor mykje frisk luft ein vil ha bestemmer du sjølv 
Påmelding Alternativ 1: Full pakke fredag-søndag: overnatting firesengsrom, 5 måltid og fellesutgifter kr. 1800,-. Alternativ 2: Full pakke fredag-søndag: overnatting enkeltrom, 5 måltid og fellesutgifter kr. 2100,-. NB: du kan ta med eige handkle og sengtøy (laken, putetrekk, dyketrekk eller lakenpose) eller leige på Christineborg for kr. 80,-.
Alternativ 3: Dagpakke fredag –søndag: fellesutgifter, fiskesuppe fredag, lunch og koldtbord laurdag kr.900,-
Alternativ 4: Gjest uten måltid eller overnatting: kr.200,- pr dag. Har du behov for tilpassing av mat, rom, handicaprom eller anna, vennligst gi beskjed om det ilag med påmeldinga så vi får ordna det før strikketreffet. Send påmelding til: frivillig@heroy.kommune innan 20.august. Bindande påmelding.
Telefon: 700 88 333/ 99 21 00 20
Meir informasjon på www.frivilligheroy.no og på Facebook Herøy Frivilligsentral.


«STRIKK PÅ RUNDE» 28. – 30. september 2012.
Program: Fredag 28.9
Kl. 14.00 Innsjekking kan starte. (kjem du tidlig er det lurt å ta med litt niste)
Strikk og prat «bli kjent»
Kl. 18.00 Fiskesuppe med utsikt.
Vi strikkar vidare.

Laurdag 29.9
Kl. 9-10.30 Frukost med utsikt (du ordnar deg lunchmatpakke)
Kl. 11.00 Ut på tur – velg ein av turane.
1. Vi ruslar rundt i Goksøyra – vaffelhjartelandet. (lett tur)
2. Båttur til fuglefjellet. (for den sjøsterke)
 3. Fjelltur til Runde fyr.(litt krevande tur)
(turane er med forbehald om godt vær)
Kl. 15.00 Workshops T.d.nupereller, hekling, dobbeltstrikk, montering, oversetting av engelske oppskrifter, kontestrikk, ønsker?
kl. 19.00 Koldtbord med utsikt og strikk frå gamle dager – 80 talet og eldre

Søndag 30.9
kl. 9-10.30 Frukost med utsikt.
kl.12.00 Utsjekking.
Middag i kafeèn for den som vil – er ikkje med i pakkeprisen.

Ta med ei oppskrift du vil dele, eller ein teknikk, et eller anna strikkaplagg eller gjenstand frå 80-talet eller eldre (det fins mykje rart i skuffer, skap, loppemarked og bruktbutikker). For dei som skal overnatte – husk sengkle og handkle! Programmet kan bli endra undervegs.

Utfordring: Lage ei eller fleire «lundehuer» som kan brukast i boblebadet på Christineborg

Les mer HER